SKARKE 2017
Tidspunkt: 3. desember 2017 kl. 12:00
MØTE MELLOM GENERASJONAR:
- Lær om gamle førjulstradisjonar
- Høyr lyden av dombjeller, forteljingar, julesongar og
folkemusikk
- Bli med på kanefart, lysstøyping og
juletrepynting
- Lag peparkaker, julepynt, papirstjerner og
sopelime
- Sjå demonstrasjon av lompebakst, trearbeid, firfletting og
filering
- Opplev tradisjonsrik basar, kl. 15
- Kjøp julegaver og mat til julebordet på
førjulsmarknaden
- Her er julebakst, fjellgris, rakfisk, vilt, sylte, kurv,
ost, lefse, sylv, keramikk, trearbeid, skinnarbeid, fugleband og
mykje anna!
- Open museumskafé
KVA ER SKARKE? Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då
førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. På Valdres
Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi... og steller i stand til god,
gamaldags førjulstid. I år gjer vi det for 23. år på rad, alltid
første sundag i desember.
GODT SAMARBEID: Vi takkar alle som er med oss ved Valdresmusea å
skape Skarke på Valdres Folkemuseum, og då særleg Vennelaget for
Valdres Folkemuseum og deira basargjeng! Ta kontakt om du vil vere
med å bidra neste år.
INNGANG: Familie (2+2) 200; vaksne 80; barn 50; seniorar
70