Konsert med Vindonia, laurdag 9. februar klokka 18.00!

Velkomen til Noregs-premiere for den svenske folkemusikktrioen Vindonia,

laurdag 9. februar klokka 18.00.

Vindonia består av Lise Enochsson, Susan Syverson og Karin Blom som syng skånsk folkesong og speler keltisk harpe og jemtlandsk fiolin. Karin er frå Jämtland, Susan vaks opp i USA, medan dottera hennar Lise vaks opp i Skåne - der alle no bur. Dei har fått stipend frå den svenske kulturrådet, har turnert i USA og gruppa har nyleg slept debut-plate.

Harpe-spelaren Susan og dottera Lise har røtene sine frå Anmarkrud i Aurdal (der Syver-namnet kjem frå). Dei er glade for å kunne halde konsert i Valdres!

Spis gjerne middag på Munkekroen før konserten. Du kan også kjøpe kaffe, vin eller anna i pausa. Velkomen!

TID: ​Laurdag 9. februar 2019 kl. 18.00
STAD: Festsalen Valdres Folkemuseum
PRIS:150 kr til Vindonia (kontant eller med VIPPS)
ARR: Munkekroen

VELKOMEN!

1111

Telefon: +47 613 60 177E-post: mail@munkekroen.com